Haustetidsvurdering 23.09.19

Haustetidsvurderingar for Nordfjord 23. september 2019

Måndag 23. sept er det teke ut fire kontrollprøvar av Raud Aroma frå litt eldre hagar vurdert som seine og medels seine. Varmen sist helg, med 21 grader på klimastasjon Loen som toppnotering på Vestlandet, har sett fart i modninga.
Fyrst og fremst ser vi dette som auka stivenedbryting (høgare stiveverdiar) samtidig som fruktkjøtet har mjukna (redusert verdi på fastleik) i prøvane. Yr melder opphaldsver og kring 15 grader på dagtid og nattetemperaturar på 7-8 grader heile denne veka.

Også i seinare hagar må ein nytte godveret utover veka til innhausting av Aroma.