Haustetidsvurdering 16.09.19

Haustetidsvurderingar for Nordfjord 16. september 2019

Måndag 16. sept er det teke ut to kontrollprøvar av Raud Gravenstein og sju prøvar Raud Aroma. Raud Gravenstein er under hausting i tidlege felt, seinare felt kan starte opp ut i denne veka. Summerred må haustast også i seinare felt.

Raud Aroma kan starthaustast i tidlege felt over komande helg, seinare felt bør hange på utover mot slutten av neste veke.